Me har nært samarbeid med fleire serverings og overnattingsstader i nærområdet.
Sjå lista under for aktuelle stader eller kontakt oss og me vil hjelpe deg å finne ein stad å bu.
Skjolden Brygge
Skjolden Brygge ligg fint til ved Lustrafjorden og har for moderne feriehus av høg kvalitet, leilegheiter og hotel med nydeleg utsikt mot fjorden. Hotellet har tradisjoner tilbake til begynnelsen av 1900-tallet og feriehusa og leilegheitene har solrike terrassar med panoramautsikt. Besøk www.skjoldenbrygge.com for meir informasjon.
Skjolden Hotel
Skjolden Hotel ligg innerst inne i verdens lengste fjord, Sognefjorden, ved foten av Jotunheimens mektige fjell. Lat deg begeistra av lokal og kortreist mat frå Skjolden og Luster. Eit engasjert vertskap med sitt muntre og bevisste mannskap vil gjere ditt opphald til ei uforglemmeleg oppleving. Besøk www.skjoldenhotel.no for meir informasjon.
Tørvis Hotel
Det tradisjonsrike Tørvis hotell ligg i fjordbygda Marifjøra, 30 minuttars køyring frå Skjolden. Hotellet har 28 rom. Det gamle gjestgjevarhuset frå 1689 er kjernen i det noverande hotellbygget og som gir bygget ein spesiell atmosfære. Besøk heimesida www.torvis.no for meir informasjon.
Nes gard
Gjestegard med vakker beliggenhet og panoramautsikt til Lustrafjorden og Feigumfossen. Særpreget, hyggeleg miljø og kjent for personlig service og gode matopplevingar. Eigen badebryggje og eit naust med møterom/festsal. 20 minutter fra Skjolden. For mer informasjon sjå www.nesgard.no
Walaker Hotel
Rett ved fjorden i den idylliske bygda Solvorn, finn me Walaker Hotell. Hotellet, som har gått i arv frå generasjon til generasjon, er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv. Hotellet har vore i familien Nitter Walaker sin eige sidan 1690, og det er det eldste familiedrivne hotellet i Noreg, med sine over 370 års historie. Besøk www.walaker.com for meir informasjon.
Nymoen camping
Nymoen camping ligg i Skjolden og har hytter, oppstillingsplass for bubilar og teltplass. Campingen har flott panoramautsikt mot Eidsvatnet og fin utsikt mot Åsafossen. Besøk heimesida http://www.skjolden.com/nymoen/ for meir informasjon.
Vassbakken Kro and Camping
Vassbakken Kro og Camping ligg ca. 2 km frå Skjolden. Campingen ligg rett ved Åsafossen og gir deg lyden av behageleg fossebrus.
Besøk http://www.vassbakken.com/ for meir informasjon.