Fjord RIB Adventure + Fossevandring

Kjenn bruset til 229 meter høge Feigefossen på kroppen!

Om turen

Kombiner RIB-turen Fjord RIB Adventure med ein vandretur til den imponerande Feigefossen!

Etter ein times RIB-tur på Lustrafjorden med natur og frisk luft, er det mogleg å oppleve forfriskande fossebrus på nært hald.

Me gjennomfører over fyrste halvdel av RIB-turen og går i land i Feigum på sørsida av Lustrafjorden. Frå Feigum startar ein enkel fjelltur opp til eit utkikspunkt nær Feigefossen der ein kan nyte synet av det 229 meter høge fallet. Dei som er ekstra eventyrlystne kan ein gå heilt opp til foten av fossen der ein garantert vil få ei kraftig oppleving!

Stien til fossen er godt opptrakka og går ved sida av Feigeelva. Om våren og etter regntunge dagar kan stien vera sleip, så godt skotøy er å føretrekkje.

Etter fosseopplevinga går me tilbake til RIB-en og glir heile vegen tilbake til Skjolden.

  • Startpunkt

    Skjolden Brygge

  • Varigheit

    Ca. 3,5-4 timar totalt (ca. 1 time 15 min. på fjorden)

  • Utstyr inkludert

    Flytedress, redningsvest, lue, hanskar og briller. Ta med godt skotøy!

  • Vanskegrad

    Lett/middels

  • Pris

    Vaksne (frå 15 år): kr 1200, Barn: kr 900

Video i samarbeid med www.visitskjolden.com

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.