Fjell- , fiske- og sykkeltur til Bølifossen

Bli med på tur til «Perlao i dalen»

Om turen

Bli med på tur inn Mørkridsdalen til Bølifossen, staden som ofte blir omtala som «perlao i dalen».

Turen startar frå Skjolden og me syklar inn Mørkridsdalen, som er ein av dei viktigaste inngangsportane til Breheimen nasjonalpark. Undervegs vil du oppleve flott landskap og høyre guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i dalen. Med vakkert landskap og brus frå Bølifossen, er dette ein nydeleg stad for å prøve fiskelukka.

Sykkelturen frå Skjolden er kring 8 km og tek ca. 1 time ein veg. Me parkerer ved Hødnevollen og tek til å gå på stien som fører oss til Bølifossen.

Etter ca. 40 minutt roleg gange kjem me til Storatjødni, som er eit kjent fiskevatn. Kring 30 minuttar etter Storatjødni, går me over ei solid hengebru og vandrar inn i det idylliske landskapet rundt Bølifossen. Me går til eit leirområde der guiden lager til varm drikke på stormkjøkkenet og ein kan prøve fisket. Fiskekort er inkludert i prisen, og me har fiskestenger som passar til både born og vaksne.

Om ein får fisk, vil me anbefale å grilla fjellauren på stormkjøkkenet; ei herleg smaksoppleving!!

  • Varigheit

    Ca. 6,5-7 hours

  • Utstyr inkludert

    Sykkel, hjelm, fiskekort, fiskeutstyr

  • Anbefalt å ta med

    Fjellsko, ulike lag med klede, ryggsekk med lunch og drikke

  • Vanskegrad

    Middels/Vanskeleg

    Ca. 16 km på sykkel og 5 km fjelltur

  • Pris

    Vaksen (frå 15 år): kr. 1500, Barn: kr. 1000,-

    Pris utan fiske:

    Vaksen (frå 15 år): 1100,- NOK, Barn: kr. 750,- 

    Minimum 8 år pga. vanskegrad og sykkelhøgder

    3% booking fee inkludert

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.