RIB Adventure til UNESCO Urnes stavkyrkje

RIB Adventure til UNESCO Urnes stavkyrkje

Kombiner ein RIB-tur på mektige Lustrafjorden med ein guida omvisning ved Urnes stavkyrkje – oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Turen startar frå Skjolden og fortset med RIB-båt ut nordsida av Lustrafjorden. Du får oppleve fjell, fjord og fossefall, og vil ha god utsikt til dei ulike bygdene langs Lustrafjorden. Om de er heldige vil ein sjå nysgjerrige fjordselar og niser på turen og guiden tek dykk til plassane med størst sannsynlegheit for å oppdage dyreliv.

Etter omtrent 40 minuttar på fjorden går de i land ved Ornes båtbyggeri og starter ein vandretur opp til Urnes stavkyrkje langs ein bratt grusveg. RIB-guiden følgjer dykk heile vegen opp til kyrkja der de blir tatt i mot av ein guide ved stavkrykja. Du vil få sjå kyrkja frå utsida og innsida og høyre om den spesielle historien og arkitekturen. Kyrkja er Norges eldste stavkyrkje – bygd rundt 1130. På veg tilbake til Skjolden stoppar guiden ved fleire interessante attraksjonar som 218 meter høge Feigefossen og saftbygda Sørheim.

Turen gir deg ein spennande kombinasjon av eineståande natur, kultur og eit opphald i den romantiske lille bygda Urnes.

  • Startpunkt

    Frå Skjolden Brygge (400 meter frå Skjolden sentrum og 700 meter frå cruiseterminalen).

    Henting kan bli organisert frå ulike bygder i Sognefjorden ved forespørsel.

  • Varigheit

    3,5 – 4 timar (1,5 time på fjorden. Oppmøte 15 minuttar før avgang)

  • Vanskegrad

    Lett

    Total lengde vandring: 2,5 km

    Høgdemeter: ca. 70

    Terreng: Grusveg

  • Inkludert i turen

    Varme flytedressar med hette, redningsvest. Briller, lue og vottar ved behov. RIB-tur, guida omvisnig ved stavkyrkja.

  • Anbefalt utstyr

    Gode vandrresko, ryggsekk med ein regnjakke og vatnflaske.

    Kle deg etter vêrforholda. Varme klede, varme sko og ein ekstra ytterjakke på kalde vår-/haustdagar.

  • Pris

    Vaksne (frå 15 år): kr. 1350, Barn: kr. 1050

  • Add-ons

    Lokal lunch

    Guida besøk ved Urnes hjortefarm

    Henting og levering kan bli organisert ved ulike stader langs Sognefjorden. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.