Fjord RIB Adventure

Norsk fjordlanskap på sitt beste!

Om turen

Bli med på Fjord RIB Adventure på Sognefjorden, og opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å tilby!

Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over Lustrafjorden i ein komfortabel RIB-båt. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall sett frå fjorden, samt høyre guiden fortelje om området og dele lokale historier.

Turen startar ved Skjolden Brygge og går vidare langs nordsida av Lustrafjorden. Me får fin utsikt over kjende attraksjonar som til dømes Gamle Lerum saftfabrikk, den gamle handelsstaden Marifjøra, og tidlegare Luster sanatorium, Harastølen. Eit av høgdepunkta på turen er utsikta mot den 229 meter høge Feigefossen. Me gjer korte stopp for å ta bilete og nyte naturen. Undervegs kan me møte på nysgjerrige kobbar og niser som dukkar opp og helsar på. På vegen tilbake går me langs sørsida av fjorden og opplever nye fossefall og naturperler.

  • Startpunkt

    Ved Skjolden Marina

    NB! Hugs å møte opp ca. 15-20 minuttar før avgang

  • Varigheit

    Ca. 1 time 15 min. på fjorden

  • Utstyr inkludert

    Flytedress, redningsvest, lue, hanskar og briller

  • Vanskegrad

    Lett

  • Pris

    Vaksne (frå 15 år): kr 985, Barn: kr 685

Video i samarbeid med www.visitskjolden.com

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.