Fjord- og bretur

Fjord, bre og fjell på samme dag

Om turen

Opplev dei norske høgdepunkta: Fjord, fjell og bre på ein og samme dag!

Med privat guide blir du tatt med på ei oppdagingsferd på den vakre Sognefjorden og den mektige Nigardsbreen. Ved Tørvis hotell i Marifjøra går du om bord i ein open og sikker RIB-båt, klar for å oppleve norsk fjordnatur, kulturhistorie og vind i håret.

Etter ein lunchpause og berre ein 35 minuttars køyretur seinare er du klar for guida vandretur på Nigardsbreen i Jostedalen. Her tek ein erfaren bre-guide deg med inn i eit snø- og islandskap med bresprekker og istårn. Er du heldig og forholda ligg til rette, kan ein vandre inn i bresprekker og isholer laga av naturen sjølv.

Program:

– Oppmøte i Marifjøra på parkeringsplassen ved Tørvis hotell.

Påkledning (varmedrakt, flytevest og briller inkludert) og orientering.

– Avgang RIB-tur (ein time effektiv køyring).

Guiden stoppar undervegs for å fortelje om lokalhistorie og attraksjonar. Turens vendepunkt er i bygda Skjolden, enden av verdas lengste navigerbare fjord. På vegen tilbake til Marifjøra følgjer de den andre sida av Lustrafjorden, med nye opplevingar.

– Lunchpause (lunch ikkje inkludert).

– Seinaste avreise frå Marifjøra (transport ikkje inkludert).

– Oppmøte ved skilt «GUIDE» på parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet – Jostedalen. (Vegbom kr. 40,- for tur/retur)

Isøks, stegjern og sele blir utdelt av guide. Møt opp med varme og vindtette klede som dekker heile kroppen (ikkje shorts eller t-skjorte). Sko med hard såle kan lånast ut.

– Avgang privat blåistur (2 timar på isen).

Transport med liten båt over Nigardsvatnet til brekanten for å starte vandreturen på breen. Turen er ikkje kondisjonskrevjande, og tempoet blir tilpassa for at alle skal ha ein hyggeleg tur.

– Ankomst parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet – Jostedalen.

  • Start

    RIB-tur: Ved Tørvis hotel, Marifjøra

    Bre-tur: Ved parkeringsplass Nigardsbreen

  • NB!

    Transport mellom Marifjøra og Jostedalen ikkje inkludert

    Lunch ikkje inkludert

  • Varigheit

    Ca. 6,5 timar

  • Utstyr inkludert

    Privat guide, flytedress, redningsves, briller, is-øks, stegjern, sele, vandresko

  • Vanskegrad

    Middels

  • Pris

    Vaksne (frå 16 år): kr 1400, Barn: kr 1000

[wpgmza id=»3″]

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.