Fjell- og sykkeltur – Drivandefossen

Om turen

Bli med på ein fjell- og sykkeltur gjennom natur- og kulturlandskapet i Mørkridsdalen og opplev den mektige Drivandefossen på nært hald.

Turen startar frå Skjolden og fortsett ca. 7 km på sykkelsetet inn Mørkridsdalen, som er ein av dei viktigaste inngangsportane til Breheimen nasjonalpark. Undervegs vil du oppleve landskapet og Mørkridselva, og høyre guiden fortelje om dalen si utvikling frå naturhushald til nasjonalpark. Sykkelturen går for det meste på flat asfalt- og grusveg, og er derfor enkel å gjennomføre for dei fleste.

Etter omtrent ein time på vegen parkerer me ved Gjervane og tek til å gå på stien som leder mot Drivandefossen, Osen og Åsetvatnet. Ta med godt fottøy og kle deg etter værforholda.

Etter ca. 30 minutt roleg gange kjem me til den kjende og vakre Drivandefossen med tilhøyrande fossebrus. Me sit oss ned for å slappe av, høyre nokre lokale historiar og smake flatbrød med tilhøyrande spekemat slik dei også gjorde det i gamledagar på sine ferder gjennom dalen.

  • Start

    Ved Skjolden Brygge

  • Varigheit

    ca. 3-3,5 timar

  • Inkludert i turen

    Sykkel, hjelm og smaksprøve

  • Anbefalt utstyr

    Gode vandresko og klede etter været

  • Vanskegrad

    Middels

  • Pris

    Vaksne (frå 15 år): kr 800, Barn: kr 525,-

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.