Fjord og fossefall

Om turen

Kombiner RIB-tur, Feigumfossen på nært hald og ein lunch på det tradisjonsrike Tørvis hotell!

Frå Marifjøra i Luster startar ei oppdagingsferd på Sognefjorden i ein open RIB-båt. Med vind i håret glir du over den spegelblanke fjorden, og opplever høge fjell og fossefall. RIB-en stoppar i Feigum, der me byrjar på ein 30 minuttars roleg vandretur opp til den 218 meter høge Feigumfossen. Tilbake i Marifjøra ventar dekka bord med lunch basert på lokale råvarer og ein omvising på hotellet av vertskapet. Besøk www.torvis.no for meir informasjon om hotellet.

Program:

– Oppmøte i Marifjøra på parkeringsplassen ved Tørvis hotell.
Påkledning (flytedrakt, flytevest og briller inkludert) og orientering.

– Avgang RIB-tur (ein time på fjorden).
Guiden stoppar undervegs for å fortelje om lokalhistorie og attraksjonar. Turens vendepunkt er i bygda Skjolden, enden av verdas lengste navigerbare fjord.

– Ankomst Feigum.
Her startar ein roleg vandretur opp til Feigumfossen – ca. 30 minuttar kvar veg. Ein kan velje å snu ved eit utkikspunkt nær fossen, eller gå heilt inn til foten av fossen. Stien går langs Feigeelva og er godt opptrakka og. Ta med godt fottøy sidan stien kan vera sleip etter regnfulle dagar.

– Avreise frå Feigum.

– Lunch ved Tørvis hotell i Marifjøra.
Servering av smørbrød med heimelaga koriandersmør, lokal varmrøykt laks og mango. Vertskapet tek godt i mot og fortel om den gamle handelstaden Marifjøra og det tradisjonsrike hotellet.

  • Start

    Ved Tørvis hotel, Marifjøra

  • Varigheit

    Ca. 4 timar

  • Inkludert i turen

    Lunch, flytedress, redningsvest, briller

  • Vanskegrad

    Lett/middels

  • Pris

    Vaksne (frå 16 år): kr 1000, Barn: kr 600

[wpgmza id=»3″]

© Copyright - Skjolden 2016 | E-mail: post@adventuretours.no - Phone: +47 95766385 - Adventure Tours AS, 6876 Skjolden, Sognefjord, Norway. Org.nr.: 999 056 342MVA
This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.